Nettside for
Otto Vikane
Dagny Helland
Tlf 53662289
Epost:
otto.vikane@rogdo.no
RUNDTUR I ROGDATUNET
Me tek ein tur rundt i tunet og ser korleis husa ser ut, og kven som bur i dei.
Kvart hus / bruk har namn etter tidlegare eigarar.
***
BRUK NR 1: "TOBIAS"
Eigarar: Torbjørn Vigleiksson Fagertveit (1935) og Gudrun Flatabø (1940).
Desse bur og på bruket: Vigleik Torbjørnsson Fagertveit (1962) - odelsgut
Bruket har namn etter bestefar til Torbjørn, som heitte Tobias Fagertveit
(1886-1955). Det var han som kom med denne slekta til bruket i 1918.
***
BRUK NR 2: "SALMA"
Eigar: Anna Sigurdsdtr. Skjeggedal (1958) , som bur i Ålvik.
Det bur ingen på bruket i dag, det er feriebustad.
Bruket har namn etter bestefar til Anna som heitte Salm Skjeggedal (1875-1956).
Han kjøpte dette bruket i 1923, og flytte hit med familien.
***
BRUK NR 3: "JAKOBS"
Eigar: Dag Gjermundsson Åkre (1965)
Dei som sist budde her var Solveig og Harald Borlaug. Bruket har namn etter bestefar til Dag, som heitte Jakob Åkre (1892-1968). Han
fekk skøyte på bruket i 1918.
***
BRUK NR 4: " SJURS "
Eigar: Knut Håkonsson Utne (1961)
På bruket bur og foreldra til Knut:
Gerd Knutsdtr. Rogdo (1933) og Håkon Johannesson Utne (1932)
Bruket har namn etter oldefar til Knut, som heitte Sjur Knutsson Litle Nå
(1850-1928).
Han kjøpte garden i 1887.
***
Bruk nr 5 " Vilhelms " er selt som tilleggsjord, og delt mellom dei andre bruka
i tunet.
Husa på bruket er rivne, utanom " Tråstova ", som står eit stykke utanfor tunet,
attmed vegen til tjødna.
Den er eigd av Vidar,
Torald og Reidar Rogdo som brukar den til ferieopphald.
***
BRUK NR 6: " KRISTENS "
Eigarar: Dagny Johannesdtr. Helland (1962) og Otto Olavsson Vikane (1944)
Desse bur og på bruket:
Johannes Ottosson Vikane (1992) - odelsgut.
Kristen Ottosson Vikane (1995) reserveodelsgut.
Vigleik Kristensson Rogdo (1929) - kårkall.
Bruket har fått namn etter bestefar til Otto, Kristen Vigleikson Rogdo
(1894-1958). Han fekk skøyte på bruket i 1930
Bruk nr 7 er gått inn i bruk nr 6, og bruksnummeret er ikkje i bruk lengre.
***
BRUK NR 8: " HANSA "
Eigarar: Hans Asbjørnsson Rogde (1958)og Jorunn Simonsdotter Nordeide(1963)
Dei har ei dotter som
heiter Amalie (2001)
På dette bruket har det vore mange Hansar. Bestefar til Hans som eig garden no
heitte
Hans Asbjørnsson Rogde (1876-1960), og fekk skøyte på garden i 1908. ***
BRUK NR 9: TEIGEN Eigarar: Solveig Einarsdotter Lothe (1968) og Jan Magne Midtbø (1966) Dei har to gutar: Tor Einar (1992) og Bjørn Eirik (1994) ***** Litt småtteri frå Rogdo:
Til toppen av sida
|