Sist oppdatert 28-12-2008.










Nettside for
Otto Vikane
Dagny Helland
Tlf 53662289
Epost:
otto.vikane@rogdo.no

Kva er eit klyngjetun ?


Her på Rogdo er det svært bratt, og fjella går opp til ei høgde på over 1500 meter over havet. Det er difor utsett for snøskreder her i liane rundt Rogdo.

For å sikra at husa ikkje skulle verta tekne av snøskredene, bygde forfedrane våre husa tett i tett, og sette dei akkurat der dei var heilt trygge for at skredene ikkje kjem. Det er ein stor bergnakke som deler dei skredene som siktar seg inn på tunet vårt, så husa står trygt, men skredene kan gå på begge sider av tunet. På det næraste har dei vore berre 10 - 30 meter frå husa.

Ein åker rett utanfor tunet vert kalla Floråkeren. Den fekk dette namnet avdi det stod ei løe der som vart teken av ei snøskrede på 1700-talet.

Husa på Rogdo står med ein avstand frå ein halv meter på det minste, til 10 meter på det meste.Det er 6 bruk i Rogdatunet, og det inneheld i dag omlag 20 bygningar.

Desse husa står i ei tett klyngje, difor namnet klyngjetun.

Her er eit inntrykk frå midt i Rogdatunet: